Årsmøte med innsatspokal og Gjensidige ildsjelpris!

Sigurd Øygard fekk Rogne IL sin innsatspokal for 2019! Dette for flott innsats i langrennssporet. Han vart nr 90 og 108 i hovedlandsrennet på Gålå, vann M 15-16 i Jomfruslettfjellet rundt, vart nr 22 og beste opplandsløpar i M17 NC på Lygna og på Nyttårsrennet vart han nr 1 i M17. No fekk han eit napp i innsatspokalen, gratulerer😊🎉
Sigurd takkar så mykje og seier at dette inspirerer til vidare satsing👍

Karianne Skrebergene Hamre fekk årets Gjensidige ildsjelpris! 🎉
Karianne har vore aktivt med i styret i Rogne il heilt sidan 2004. Fyrst som leiar i tiltaksgruppa, dei siste 7 åra som formann og trenar i håndballgruppa.
Ho er aktiv og ivrig, blid og positiv og stiller alltid opp – ein ekte ildsjel! Gratulere👏👏😄

Koronavettregler for fotballen

Rogne idrettsarena er åpnet for aktivitet og Storefoss står klar om veldig kort tid. Alle treninger må gjennomføres etter retningslinjer gitt av NFF og de lokale føringene fra ØSIL og RIL. Disse føringene finner du her. Det er helt avgjørende at alle følger disse reglene for smittevern. Smittevernreglene gir ansvar både til spillere, trenere og lagledere, og til foreldre. Det kan komme kontroller og da kan all aktivitet opphøre om vi ikke følger reglene.

fotball-korona-retningsliner

Fotballgruppa treng deg!

⚽️🏃‍♀️⚽️🏃‍♂️⚽️🏃‍♀️⚽️🏃‍♂️⚽️🏃‍♀️⚽️🏃‍♂️💥👍💥

Kunstgrasbanen er klar, den ligg der grøn og innbydande, og vi reknar med at det kriblar i mange forballføter! ⚽️ Banen er open for trening i grupper på 4+1, som anbefalt frå Hdir og NFF. Koronavettreglane er slått opp på klubbhuset, følg dei!😷 Vi ynskjer at mange ungar skal sparke fotball, og vi treng også 2 foreldre som vil vera med i fotballgruppa. Arbeidet i forballgruppa er artig, sosialt, og du får vera med å bestemme korleis gruppa skal drive aktivitetene sine.👍 Som foreldre må du rekne med å bidra, også sjølv om du ikkje er medlem av idrettslaget. Ungar kan trene og drive aktivitet, men ungane kan ikkje organisere kamp, treningar og drive fotballgruppe åleine – det må dei vaksne gjere🤗