Rogne idrettsarena -granulatsperre

Det kom anmodning frå fotballforbundet om å laga tiltak for å hindre gummigranulat i å koma frå kunstgrasbanen og ut i terreng/vassdrag.  Vi tok utgangspunkt i teikningar og kostnadsberekning frå NFF, og gjorde avtale med entreprenør Kroon Maskin AS om å utføre arbeidet med dette.  Dei starta opp arbeidet 30.07.20 og i løpet av fyrste halvdel av august var dei ferdige.  Dei gjorde ein god kvalitetsjobb, så tusen takk til dei.  Det vart sett opp kantstein etter asfalt rundt det meste av banen, samt asfaltert inntil terreng på øversida av løpebanen.  I tillegg er det satt opp ein stasjon for skobørsting, og ein til kjem.  Frå før hadde vi laga oppsamlingsplass for granulat som satte seg i børstane når banen vart børsta og slødda.
Ettersom kunstgrasbanen ikkje blir brøyta om vinteren, og blir brukt mest til barnefotball/-aktivitet, så er det veldig liten fare for at gummigranulaten kjem på avvegar.  Om foreldra hjelper sine håpefulle med å børste sko, ev ta av sokkar, så treng det ikkje koma noko gummigranulat med heim til vaskemaskina.
Rogne il fekk tilsagn om veldig god økonomisk støtte til dette prosjektet, frå Sparebankstiftelsen Øystre Slidre, så tusen takk til dei og.