Gjensidige Ildsjelpris 2020

Morten har vore medlem og aktiv i idrettslaget frå han var liten. Han var aktiv fotballspelar i heile oppveksten. Seinare har han vore fotballtrenar og medlem av fotballgruppa. Han har vore i tiltaksgruppa i mange år , og han har vore i styret som nestleiar i 2 år. Morten har vore sentral i alle RIL sine arrangement opp igjennom åra: knøtteturnering, fotballskule, aktivitetsdag, Beitostølen cup, Mellerunda , pilking på Veslevatn for å nemne nokon. I tillegg har Morten vore ein viktig person for å få til kunstgrasbanen , granulatsperre, kiosk og toalett nede på banen, flombelysning , lydanlegg, stativ med sponsorskilt , låsesystem, garderobar og asfaltering rundt Solhaug. No er han leiar i banekomiteen. Morten er alltid positiv og lett å spørje. Han er samvittigheitsfull og arbeidssam, ein særs viktig ildsjel i Rogne IL og ein verdig vinnar av prisen! 

Innsatsprisen 2020

Innsatspokalen for 2020 går til Rune Grobakken. Han er en allsidig og positiv langrennsutøver som har vist veldig gode resultater på flere Norgescup renn samt andre renn gjennom sesongen. Han har tidligere vært aktiv innen flere idretter i Rogne IL; fotball, håndball, Skiferrunda og i tillegg sitter han i styret til Ril. Utrolig at han får tiden til å strekke til med full jobb ved siden av!

PÅSKEKIOSK OG PILKING ER AVLYST!

Vår tradisjonsrike påskekiosk samt årets påskepilk på Veslevatn må dessverre avlyses av smittevernmessige hensyn.

Vi synes det er kjempetrist og samtidig mister vi en god inntektskilde til drift av det lokale idrettslaget vårt.

Vi inviterer deg derfor til å delta på vår alternative påskepilk – bli med!
Kjøp ett virtuelt pilkehøl og vær med i trekningen av spekepølse og flatbrød fra Helle Kjøtt AS/Valdres Bakst AS.

Slik deltar du:
Vipps kr. 50,- pr. høl til nr.: 551927.
1 høl = 1 lodd i trekningen.
Lik gjerne Facebook-siden vår + kommenter noen du synes burde kjøpe ett virtuelt pilkehøl i år 😊

Trekningen foregår «live» på Facebook lørdag kveld 3. april kl. 18!
Takk for at du støtter oss!

pexels-photo-61129.jpeg

Familiebadinga startar tysdag!

Familiebading på ØSUS blir tysdagar og fredagar frå imorgo 9/3. Det blir nokre endringar av smittevernhensyn. Badinga føregår i grupper med max 10 pr. gruppe. Gruppe 1 badar frå kl. 18:00-18:45. Gruppe 2 frå 19:10-19:55. OBS! Vi krev førehandspåmelding for å kunne delta! Påmelding til tlf.: 41201179 – påmeldinga åpnar to dagar før bading. Påmeldingar tidlegare enn dette vert avvist. Påmeldinga må innehalde fullt navn på både barn og føresett. Dette pga evt. spørsmål om smittesporing i ettertid.

For å kunne delta må du ikkje ha symptom på korona, vera i karantene eller isolasjon.

Velkommen til bading!