Gjensidige Ildsjelpris 2020

Morten har vore medlem og aktiv i idrettslaget frå han var liten. Han var aktiv fotballspelar i heile oppveksten. Seinare har han vore fotballtrenar og medlem av fotballgruppa. Han har vore i tiltaksgruppa i mange år , og han har vore i styret som nestleiar i 2 år. Morten har vore sentral i alle RIL sine arrangement opp igjennom åra: knøtteturnering, fotballskule, aktivitetsdag, Beitostølen cup, Mellerunda , pilking på Veslevatn for å nemne nokon. I tillegg har Morten vore ein viktig person for å få til kunstgrasbanen , granulatsperre, kiosk og toalett nede på banen, flombelysning , lydanlegg, stativ med sponsorskilt , låsesystem, garderobar og asfaltering rundt Solhaug. No er han leiar i banekomiteen. Morten er alltid positiv og lett å spørje. Han er samvittigheitsfull og arbeidssam, ein særs viktig ildsjel i Rogne IL og ein verdig vinnar av prisen!