Dugnadsinnspurten er utført!

Tusen takk til alle dei som hjalp til på dugnaden 29.08.23, og til dei som var der kvelden før, inkl Egil Magne med beitepussar.  No er nesten heile idrettsarena-området nyslått og fin, og klar til aktivitetsdag/bygdadag!
Hilsen banekomiteen

NY DUGNAD :-)

Fikk du ikke blitt med sist? Ny mulighet til dugnad på Rogne idrettsarena, tysdag 29.08.23 frå kl. 17.30. Ta med kantslåttmaskin dei so har, og rive. So får mø stussa fint te Bygdadagen. Gje tilbakemelding om du kan koma, eller ikkje.

Banekomiteen

På dugnaden 14.08.23 fekk vi slått, raka og kjørt vekk ein god del gras.  Løpebanen og asfaltstripa etter øversida vart sopa og pynta.Det vart forskala og støypt mur til nytt gapahuk-lager, for oppsamling av brukt granulat, samt lagerplass for noko vedlikehaldsutstyr til banen.Tusen takk til dei ca 10 som møtte opp og gjorde ein framifrå innsats.  Undervegs var det kaffe, drikke og kakeservering.Det står fortsatt att ein god del gras som må slåast og ryddast vekk, så det må bli ein dugnad til litt seinare.Då oppfordrar vi til at fleire tek ansvar for å bidra, bla foreldro, trenera, oppmenn mm, og fotballspelara.  Skal vi ha eit attraktivt og levande bygdemiljø, må alle bidra.
Mvh Banekomiteen

Dugnad på Rogne Idrettsarena

PGA. UVÆR FLYTTES DUGNADEN TIL MANDAG 14/8!

Onsdag 9. aug frå kl. 17.30. Arbeidsoppgaver: slå gras og rydde vekk, sope/renske løpebanen, forskala/støype til ny granulat-bu, rydde/reingjera lagerbu/kiosk, mm. Utstyr du kan ta med: kantslåttmaskin, rive, kvistkutter, trillabår, arbeidslyst😅😀 Bevertning☕️🥮🥤 VELKOMMEN!

Mvh Banekomiteen