Asfaltering rundt klubbhuset/samfunnshuset Solhaug

Som dei fleste har observert har området rundt Solhaug samfunnshus fått ei oppgradering ila. summaren.  Rogne il saman med Solhaug og Melleheim ul utnytta muligheiten med asfaltering rund Solhaug ifm at asfaltgjengen var der ifm granulatprosjektet påm idrettsarenaen.  Då spara vi bl.a. anleggskostnad.  Området vart no veldig reint og ryddig, samt at eksisterande trapper vart reparert og stabilisert opp att.  I tillegg fekk vi ny rullebanetrapp inn på styrkerommet, slik at dette blir tilgjengeleg for alle.  Denne trappa, noko av asfalteringa, samt oppgraderinga av styrekrommet innvendig, går på eit eige prosjekt som er innvilga tippemidler frå fylket.
Atter ein stor takk til Kroon Maskin AS, Veidekke for vel utført jobb.  Også her fekk vi økonomisk bidrag frå Sparebankstiftelsen Øystre Slidre.
Ber alle brukera, foreldre, tilskuera m. fl. av heile området, om å ta vare på anlegget ved å rydde søppel og passe på at ikkje noko blir øydelagt 🙂
Her er nokre bilete frå området rundt Solhaug:
 

Rogne idrettsarena -granulatsperre

Det kom anmodning frå fotballforbundet om å laga tiltak for å hindre gummigranulat i å koma frå kunstgrasbanen og ut i terreng/vassdrag.  Vi tok utgangspunkt i teikningar og kostnadsberekning frå NFF, og gjorde avtale med entreprenør Kroon Maskin AS om å utføre arbeidet med dette.  Dei starta opp arbeidet 30.07.20 og i løpet av fyrste halvdel av august var dei ferdige.  Dei gjorde ein god kvalitetsjobb, så tusen takk til dei.  Det vart sett opp kantstein etter asfalt rundt det meste av banen, samt asfaltert inntil terreng på øversida av løpebanen.  I tillegg er det satt opp ein stasjon for skobørsting, og ein til kjem.  Frå før hadde vi laga oppsamlingsplass for granulat som satte seg i børstane når banen vart børsta og slødda.
Ettersom kunstgrasbanen ikkje blir brøyta om vinteren, og blir brukt mest til barnefotball/-aktivitet, så er det veldig liten fare for at gummigranulaten kjem på avvegar.  Om foreldra hjelper sine håpefulle med å børste sko, ev ta av sokkar, så treng det ikkje koma noko gummigranulat med heim til vaskemaskina.
Rogne il fekk tilsagn om veldig god økonomisk støtte til dette prosjektet, frå Sparebankstiftelsen Øystre Slidre, så tusen takk til dei og.
       

Fotball ikveld også…..

Artig kamp på Rogne idrettsarena ikveld🤞⚽️ Våre lokale helter, Øsil/Ril G14 (forøvrig ett mix-lag) spiller mot Bagn⚽️ Resultatet til pause er 0-2 men ballen er fortsatt rund😊

Spennende 9’er fotball ⚽️

Jon Rolf Skamo Hope med ny rekord i Skiferrunda!🏆🥇

Jon Rolf satte ny rekord i Skiferrunda fredag! Med tida 25.12, forbetra han Eivind Bakkenes rekord frå 2015 med 2 min og 4 sek. Jon Rolf hadde med det ei km tid på 3.30. Vi kan også legge til at han kjørte ei runde på terskel først på 27.30, som oppvarming og for å bli kjent med løypa. Ut å trene folkens👍👍🏃‍♂️🏃‍♀️ Gratulere😊 🇳🇴

Jon Rolf etter å ha sett ny rekord, 25.12🏆

Referat fra dugnad på Rogne idrettsarena 02.09.20

Referat frå dugnaden som var 02.09.20 på idrettsarenaen:

 

Det vart gjennomført dugnad som planlagt.  Mange gjeremål stod på lista, og takka være driftig innsats frå dei som møtte opp, fekk vi utført mange av oppgåvene.  I alt 12 personar var innom og bidrog med flott innsats, så tusen takk til alle dikka:-)

 

Viktigaste oppgåva som står att, er å laga og montere nye benker på tribuna, då mange av desse er råtne.  Så vi har fått lov til å felle 5-6 timberbusker ned for Solhaug, som vi må få kjørt opp.  Når vi har fått halvskøre desse, så må dei gamle benkane fjernast, og dei nye monterast.

 

Dei som vil bidra med noko av dette, melder seg til Morten tlf  95746374, så snart som muleg.

 

Helsing banekomiteen.