Laurdag 10. april hadde vi dugnad med å hogge timber til nye tribunebenkar. Vi hadde fått lov å hogge sør for banen, på teigen til Mattisgard. Dei som var med på dugnaden var Bjørn Kjetil Mork, Linus Gjevre Myrvold, Morten Myrvold, Per Ivar Grobakken med traktor og vinsj, Geir Melbye med traktor og henger. Etter felling, kvisting, vinsjing og kapping av 5 passe store grantrær, hadde vi 10 stokker på 3,5 m. Desse vart lasta opp og kjørt nord til Espen Rogne, som ville dele stokkane i to på langs. Dette gjorde han med hjelp av Kristen Haugen, på dugnad. Etterpå vart dei delte stokkane kjørt tilbake til arenaen, og lagt opp i la. Tusen takk for god hjelp til dikka alle:-)
Vi skal ha nye dugnader for å blækkji (ha av børken) stokkane, fjerne dei gamle sittebenkane på tribuna, og montere dei nye. Dag, dato og klokkeslett for desse dugnadane vil bli annonsert på heimesida og Facebook snart. Så då er vi avhengig av at så mange som muleg kan bidra med hjelp til dette.
Banekomiteen