Sparebankstiftelsen Øystre Slidre støtter oss nok en gang!

Vi er så heldige at Sparebankstiftelsen Øystre Slidre har støttet oss i innkjøp av en ny Ercolina stakemaskin på styrketreningsrommet vårt på Solhaug. Vi har skiftet ut vår gamle «Brå sterk» så nå kan ung, gammel, liten og stor forbedre stakemusklene sine hele året! Rune og Sigurd har montert den opp og i tillegg snekret tilleggutstyr. Det er ett brett å stå på sånn at du kan bruke rulleski for at utførelsen skal bli mest mulig realistisk.

Tusen takk Sparebankstiftelsen Øystre Slidre!!

Referat fra dugnad på Rogne idrettsarena 02.09.20

Referat frå dugnaden som var 02.09.20 på idrettsarenaen:

 

Det vart gjennomført dugnad som planlagt.  Mange gjeremål stod på lista, og takka være driftig innsats frå dei som møtte opp, fekk vi utført mange av oppgåvene.  I alt 12 personar var innom og bidrog med flott innsats, så tusen takk til alle dikka:-)

 

Viktigaste oppgåva som står att, er å laga og montere nye benker på tribuna, då mange av desse er råtne.  Så vi har fått lov til å felle 5-6 timberbusker ned for Solhaug, som vi må få kjørt opp.  Når vi har fått halvskøre desse, så må dei gamle benkane fjernast, og dei nye monterast.

 

Dei som vil bidra med noko av dette, melder seg til Morten tlf  95746374, så snart som muleg.

 

Helsing banekomiteen.

God dugnad på Rogne idrettsarena den 15.08.19.

Stor takk til dei som møtte på dugnaden, vi vart vel 13 pers ila kvelden.  Vi fekk kjørt vekk gras og kratt, som Yonas hadde slått og skjært ned for nokre dagar sidan.  Tusen takk til han 🙂

Det vart og fjerna mykje stein mot skråningen austa løpebanen.

Det vart rydda i lager-containeren, slik at vi skal få satt inn sekkane med granulat der før vinteren.  Søppel vart fjerna.

Tribuna vart reparert nedst på høgre sida.  Rester av kunstgraset vart nytta til å legge nedanfor tribuna mot løpebanen, slik at det kjem mindre stein/grus inn på løpebanen.

Vi hadde pause med kaffe, brus, kaker og frukt, som var vel fortent.

No er arenaen ryddig og fin, klar til haustsesongen.  Nytt do/vannklossett, ombygd kiosk og nytt låsesystem gjer anlegget meir komplett.

 

Rogne il henstiller alle brukera, spesielt lagledera, trenera, foreldre, til å rydde opp etter seg, og halde anlegget i orden.

 

Forlat området slik du sjølv ynskjer å finne det 🙂

 

Venleg helsing banekomiteen.

Aktivitetstilbudet 2018/19

ROGNE IL

AKTIVITETSTILBUDET 2018/19

 

SKI 

  • 8-11 år: Frå veke 41: Trening tysdagar kl 18-19. Barmark: På NABS.
    Snø: I Valdres skisenter.
  • 12-16 år: Trening i heile skuleåret. Trening med Valdres ski tys – og torsdagar kl 18. Barmark: tysd frå Rema 1000 og torsd frå Valdres skisenter.
    Snø: Begge dagar i Valdres
  • Leiar skigruppa: Sissel Engen Andersen, tlf 95217449

 

HÅNDBALL 
OBS! Måndag 8.okt kl 18: OPPSTART for
alle, dvs. 2.-7.klasse på Rogne skule!

  • 2.-3.klasse: Frå veke 42: Trening på Rogne skule onsdagar kl 18 – 19.
  • 4.-5.klasse: Frå veke 42: Trening på Rogne skule måndagar kl 18 – 19.
  • 6.-7.klasse: Frå veke 42: Trening på Rogne skule måndagar kl 19 – 2030.
  • Leiar håndballgruppa: Karianne Skrebergene Hamre, tlf 47644609

FOTBALL 

  • Treningane foregår på Storefoss eller Rogne kunstgras. Tid \ stad avheng av alder \ lag.
  • Leiar fotballgruppa: Lars Inge Myhre, tlf 90754066

 

FRIIDRETT 

  • Skiferrunda , 2, 3 eller 7 km, frå Trudvang skyttarbane kl 1800 fredag 24\8, 31\8, 7\9, 14\9, 21\9.
    Sjå elles heimesida til Rogne il,
    rogneil.no

 

GUBBETRIM

  • Frå veke 41,Rogne skule månd kl 20– 21.30 Kontaktpers: Hallgeir Hovi tlf 41922491

DAMETRIM

  • På Rogne skule tysd kl 1930-2100.Kontaktpers Borgny Nybakk,tlf 90668112

Skiferrunda 2018

SKIFERRUNDA 2018:

I år startar Skiferrunda opp att fredag 18. mai.

18.mai og 25.mai er det pga mykje snø, start og mål ved Rogne skule. Løypelengdene er der noko kortare enn ved Trudvang , ca 1 og 2,5 km.

Frå 1. juni og resten av sesongen er det start og mål ved Trudvang skytebane,sjå vedlagte invitasjon.

Velkommen til gamle og nye treningsinteresserte! Dette er ei flott mogelegheit til å konkurrere mot seg sjølv eller andre , og til å få seg ei god trim – eller treningsøkt rett før helgekosen set inn!

Skiferrunda2018