Måned: august 2019
Hugs Skiferrunda! ??♀️??♂️
Skiferrunda startar oppatt i morgo fredag! Bli med og få ein fin treningstur og ein flott start på helga ??
God dugnad på Rogne idrettsarena den 15.08.19.
Stor takk til dei som møtte på dugnaden, vi vart vel 13 pers ila kvelden. Vi fekk kjørt vekk gras og kratt, som Yonas hadde slått og skjært ned for nokre dagar sidan. Tusen takk til han 🙂
Det vart og fjerna mykje stein mot skråningen austa løpebanen.
Det vart rydda i lager-containeren, slik at vi skal få satt inn sekkane med granulat der før vinteren. Søppel vart fjerna.
Tribuna vart reparert nedst på høgre sida. Rester av kunstgraset vart nytta til å legge nedanfor tribuna mot løpebanen, slik at det kjem mindre stein/grus inn på løpebanen.
Vi hadde pause med kaffe, brus, kaker og frukt, som var vel fortent.
No er arenaen ryddig og fin, klar til haustsesongen. Nytt do/vannklossett, ombygd kiosk og nytt låsesystem gjer anlegget meir komplett.
Rogne il henstiller alle brukera, spesielt lagledera, trenera, foreldre, til å rydde opp etter seg, og halde anlegget i orden.
Forlat området slik du sjølv ynskjer å finne det 🙂
Venleg helsing banekomiteen.
Nøkkelkort Rogne idrettsarena
Har du fått fikset nøkkelkort ennå? Hvis ikke kan du komme på Solhaug nå på onsdag 21/8 kl 18:30 – 19:30?
Dugnad på Rogne idrettsarena torsdag 15. august kl 18:00
Hei, vil du bli med på dugnad på Rogne idrettsarena torsdag 15. aug frå kl 18.00? Vi skal rydde vekk gras og kratt, rep tribuna mm. Ta m rive og trillebår. Håper nokon kan ta m 4-hjuling m henger. Få m ungar, ektefelle, sambuar og nabo’n? Bevertning? Helsing banekomiteen v/GeirM