På Rogne idrettsarena er det no utført fjellrensk og mur er satt opp på øversida av løpebanen mot berget. Kroon maskin ved Harald og Vidar, har gjort jobben på ein veldig ryddig og god måte. No er det vorte mykje tryggare for brukarane av idrettsarenaen!
Det som står att, er å montere gjerde på toppen av muren, noko vi vil ta våren 2024.
Sparebankstiftelsen Øystre Slidre støttar prosjektet med kr. 120.000,-, så atter ei gong, tusen takk til dei.