ROGNE IDRETTSARENA – gjennomført dugnad :-)

Laurdag 10. april hadde vi dugnad med å hogge timber til nye tribunebenkar.  Vi hadde fått lov å hogge sør for banen, på teigen til Mattisgard.  Dei som var med på dugnaden var Bjørn Kjetil Mork, Linus Gjevre Myrvold, Morten Myrvold, Per Ivar Grobakken med traktor og vinsj, Geir Melbye med traktor og henger.  Etter felling, kvisting, vinsjing og kapping av 5 passe store grantrær, hadde vi 10 stokker på 3,5 m.  Desse vart lasta opp og kjørt nord til Espen Rogne, som ville dele stokkane i to på langs.  Dette gjorde han med hjelp av Kristen Haugen, på dugnad.  Etterpå vart dei delte stokkane kjørt tilbake til arenaen, og lagt opp i la.  Tusen takk for god hjelp til dikka alle:-)

Dugnadsgjengen

Vi skal ha nye dugnader for å blækkji (ha av børken) stokkane, fjerne dei gamle sittebenkane på tribuna, og montere dei nye.  Dag, dato og klokkeslett for desse dugnadane vil bli annonsert på heimesida og Facebook snart.  Så då er vi avhengig av at så mange som muleg kan bidra med hjelp til dette.
Banekomiteen

Gjensidige Ildsjelpris 2020

Morten har vore medlem og aktiv i idrettslaget frå han var liten. Han var aktiv fotballspelar i heile oppveksten. Seinare har han vore fotballtrenar og medlem av fotballgruppa. Han har vore i tiltaksgruppa i mange år , og han har vore i styret som nestleiar i 2 år. Morten har vore sentral i alle RIL sine arrangement opp igjennom åra: knøtteturnering, fotballskule, aktivitetsdag, Beitostølen cup, Mellerunda , pilking på Veslevatn for å nemne nokon. I tillegg har Morten vore ein viktig person for å få til kunstgrasbanen , granulatsperre, kiosk og toalett nede på banen, flombelysning , lydanlegg, stativ med sponsorskilt , låsesystem, garderobar og asfaltering rundt Solhaug. No er han leiar i banekomiteen. Morten er alltid positiv og lett å spørje. Han er samvittigheitsfull og arbeidssam, ein særs viktig ildsjel i Rogne IL og ein verdig vinnar av prisen! 

Innsatsprisen 2020

Innsatspokalen for 2020 går til Rune Grobakken. Han er en allsidig og positiv langrennsutøver som har vist veldig gode resultater på flere Norgescup renn samt andre renn gjennom sesongen. Han har tidligere vært aktiv innen flere idretter i Rogne IL; fotball, håndball, Skiferrunda og i tillegg sitter han i styret til Ril. Utrolig at han får tiden til å strekke til med full jobb ved siden av!

PÅSKEKIOSK OG PILKING ER AVLYST!

Vår tradisjonsrike påskekiosk samt årets påskepilk på Veslevatn må dessverre avlyses av smittevernmessige hensyn.

Vi synes det er kjempetrist og samtidig mister vi en god inntektskilde til drift av det lokale idrettslaget vårt.

Vi inviterer deg derfor til å delta på vår alternative påskepilk – bli med!
Kjøp ett virtuelt pilkehøl og vær med i trekningen av spekepølse og flatbrød fra Helle Kjøtt AS/Valdres Bakst AS.

Slik deltar du:
Vipps kr. 50,- pr. høl til nr.: 551927.
1 høl = 1 lodd i trekningen.
Lik gjerne Facebook-siden vår + kommenter noen du synes burde kjøpe ett virtuelt pilkehøl i år 😊

Trekningen foregår «live» på Facebook lørdag kveld 3. april kl. 18!
Takk for at du støtter oss!

ÅRSMØTE ROGNE IL 22.MARS, FØREHANDSPÅMELDING

Rogne il inviterer til årsmøte måndag 22. mars kl 1900 på Solhaug/teams. Saker som skal behandlast på årsmøtet, må være sendt leiar på epost leder@rogne-il.no seinast to veker før årsmøtet.

Avhengig av koronasituasjon vil det bli fysisk eller digitalt møte (teams). Vi krev førehandspåmelding slik at vi veit kor mange som kjem, og kan legge til rette for videokonferanse ved behov. Påmelding til leder@rogne-il.no evt tlf Hallgeir 419 22 419 seinast fredag 19.mars.

Saksliste og sakspapir vert kunngjort på heimesida før møtet.

Styret

Rogningen 2020

Årsmelding 2020

RIL Budsjett 2021

Årsregnskap 2020