Styrkerommet er oppgradert!

Med god hjelp av seniorgruppa samt støtte frå Sparebankstiftelsen Øystre Slidre og SpareBank1 Hallingdal Valdres, har Rogne il pussa opp og fornya styrkerommet på Solhaug! 💪 Det er lagt nytt golv, måla, installert varmepumpe, montert nytt låsesystem og fornya mykje av treningsutstyret. 🤗 Takk til Sparebankstiftelsen Øystre Slidre for støtta!

Alle medlemmar med nøkkelkort har anledning til å bruke styrkerommet!😅🗝