Referat fra dugnad på Rogne idrettsarena 02.09.20

Referat frå dugnaden som var 02.09.20 på idrettsarenaen:

 

Det vart gjennomført dugnad som planlagt.  Mange gjeremål stod på lista, og takka være driftig innsats frå dei som møtte opp, fekk vi utført mange av oppgåvene.  I alt 12 personar var innom og bidrog med flott innsats, så tusen takk til alle dikka:-)

 

Viktigaste oppgåva som står att, er å laga og montere nye benker på tribuna, då mange av desse er råtne.  Så vi har fått lov til å felle 5-6 timberbusker ned for Solhaug, som vi må få kjørt opp.  Når vi har fått halvskøre desse, så må dei gamle benkane fjernast, og dei nye monterast.

 

Dei som vil bidra med noko av dette, melder seg til Morten tlf  95746374, så snart som muleg.

 

Helsing banekomiteen.