Asfaltering rundt klubbhuset/samfunnshuset Solhaug

Som dei fleste har observert har området rundt Solhaug samfunnshus fått ei oppgradering ila. summaren.  Rogne il saman med Solhaug og Melleheim ul utnytta muligheiten med asfaltering rund Solhaug ifm at asfaltgjengen var der ifm granulatprosjektet påm idrettsarenaen.  Då spara vi bl.a. anleggskostnad.  Området vart no veldig reint og ryddig, samt at eksisterande trapper vart reparert og stabilisert opp att.  I tillegg fekk vi ny rullebanetrapp inn på styrkerommet, slik at dette blir tilgjengeleg for alle.  Denne trappa, noko av asfalteringa, samt oppgraderinga av styrekrommet innvendig, går på eit eige prosjekt som er innvilga tippemidler frå fylket.
Atter ein stor takk til Kroon Maskin AS, Veidekke for vel utført jobb.  Også her fekk vi økonomisk bidrag frå Sparebankstiftelsen Øystre Slidre.
Ber alle brukera, foreldre, tilskuera m. fl. av heile området, om å ta vare på anlegget ved å rydde søppel og passe på at ikkje noko blir øydelagt 🙂
Her er nokre bilete frå området rundt Solhaug: