På dugnaden 14.08.23 fekk vi slått, raka og kjørt vekk ein god del gras.  Løpebanen og asfaltstripa etter øversida vart sopa og pynta.Det vart forskala og støypt mur til nytt gapahuk-lager, for oppsamling av brukt granulat, samt lagerplass for noko vedlikehaldsutstyr til banen.Tusen takk til dei ca 10 som møtte opp og gjorde ein framifrå innsats.  Undervegs var det kaffe, drikke og kakeservering.Det står fortsatt att ein god del gras som må slåast og ryddast vekk, så det må bli ein dugnad til litt seinare.Då oppfordrar vi til at fleire tek ansvar for å bidra, bla foreldro, trenera, oppmenn mm, og fotballspelara.  Skal vi ha eit attraktivt og levande bygdemiljø, må alle bidra.
Mvh Banekomiteen