Oppgraderinger på Rogne idrettsarena

Det har ila våren vore ein del oppgradering på idrettsarenaen 🙂

Vi har bl.a. fått på plass gapahuklageret som tømrerlinja på Valdres vgs har laga.  Dette skal romme utstyr for vedlikehald av kunstgrasbanen, samt væra oppsamlingsplass for gummigranulat  ved børsting og slodding av kunstgraset.

Framma tribuna er det vorte lagt gummimatter for å hindre at det kjem grus ned på asfalten og løpebanen.

Vi har fått Kroon Maskin AS til å sette opp gjerde på toppen av sikringsmuren ved løpebanen. Tusen takk for godt utført arbeid! 

En spesiell takk fra Rogne IL til Sparebankstiftelsen Øystre Slidre for støtte til prosjektene våre 🙂

SKIFERRUNDA 2024

Flott tur,  sosial tur, nyte naturen, utmerka trening!

Rogne IL inviterer alle uansett klubbtilhørigheit, alder og kondis, til terrengløp/-trim med start ved Trudvang Skytebane, som ligg til venstre, 100 meter nedanfor bommen på stølsvegen Ås – Etnlie. Gratis deltaging. På avslutninga blir det premie til alle born og ungdom som har delteke på 3 eller fleire løp. Trekning av gåvekort til born 16 år og yngre, OG til vaksne 17 år og eldre, som har delteke på 3 eller fleire løp.

Påmelding frå kl.18:00. Start på tid kl.18:30.

Dato       Klokka      Løp/Sted       Distanse                        Start

7. juni     18.00/18.30 Skiferrunda    2 km, 3km eller 7 km         Trudvang

14. juni    18.00/18.30 Skiferrunda    2 km, 3km eller 7 km         Trudvang

21. juni    18.00/18.30 Skiferrunda    2 km, 3km eller 7 km         Trudvang

Sommarferie 🙂

23.aug      18.00/18.30 Skiferrunda      2 km, 3km eller 7 km      Trudvang

30.aug      18.00/18.30Skiferrunda       2 km, 3km eller 7 km      Trudvang

6. sept       18.00/18.30 Skiferrunda      2 km, 3km eller 7 km      Trudvang

13. sept     18.00/18.30 Skiferrunda      2 km, 3km eller 7 km      Trudvang*2)

*2) Avslutning etter løpet med enkel servering og premieutdeling.

Dette er ei foreløpig plan, evt endringar kjem på Rogne IL si facebookside.

Løyperekord dame/herre vert belønna med kr 1000,- frå RIL!

Mvh. Rogne IL –

Irene Øygard