Flott tur, sosial tur, nyte naturen, utmerka trening!
Rogne IL inviterer alle uansett klubbtilhørigheit, alder og kondis, til terrengløp/-trim med start ved Trudvang Skytebane, som ligg til venstre, 100 meter nedanfor bommen på stølsvegen Ås – Etnlie. Gratis deltaging. På avslutninga blir det premie til alle born og ungdom som har delteke på 3 eller fleire løp. Trekning av gåvekort til born 16 år og yngre, OG til vaksne 17 år og eldre, som har delteke på 3 eller fleire løp.
Påmelding frå kl.18:00. Start på tid kl.18:30.
Dato Klokka Løp/Sted Distanse Start
7. juni 18.00/18.30 Skiferrunda 2 km, 3km eller 7 km Trudvang
14. juni 18.00/18.30 Skiferrunda 2 km, 3km eller 7 km Trudvang
21. juni 18.00/18.30 Skiferrunda 2 km, 3km eller 7 km Trudvang
Sommarferie 🙂
23.aug 18.00/18.30 Skiferrunda 2 km, 3km eller 7 km Trudvang
30.aug 18.00/18.30Skiferrunda 2 km, 3km eller 7 km Trudvang
6. sept 18.00/18.30 Skiferrunda 2 km, 3km eller 7 km Trudvang
13. sept 18.00/18.30 Skiferrunda 2 km, 3km eller 7 km Trudvang*2)
*2) Avslutning etter løpet med enkel servering og premieutdeling.
Dette er ei foreløpig plan, evt endringar kjem på Rogne IL si facebookside.
Løyperekord dame/herre vert belønna med kr 1000,- frå RIL!
Mvh. Rogne IL –
Irene Øygard