Fotballgruppa treng deg!

⚽️?‍♀️⚽️?‍♂️⚽️?‍♀️⚽️?‍♂️⚽️?‍♀️⚽️?‍♂️???

Kunstgrasbanen er klar, den ligg der grøn og innbydande, og vi reknar med at det kriblar i mange forballføter! ⚽️ Banen er open for trening i grupper på 4+1, som anbefalt frå Hdir og NFF. Koronavettreglane er slått opp på klubbhuset, følg dei!? Vi ynskjer at mange ungar skal sparke fotball, og vi treng også 2 foreldre som vil vera med i fotballgruppa. Arbeidet i forballgruppa er artig, sosialt, og du får vera med å bestemme korleis gruppa skal drive aktivitetene sine.? Som foreldre må du rekne med å bidra, også sjølv om du ikkje er medlem av idrettslaget. Ungar kan trene og drive aktivitet, men ungane kan ikkje organisere kamp, treningar og drive fotballgruppe åleine – det må dei vaksne gjere?

ÅRSMØTET UTSETT

Årsmøtet i Rogne il 23/3 er utsett inntil vidare. Bakgrunnen er koronavirusepidemien. Vi må ivareta oss sjølve og hindre smittespreiing. Idrettsforbundet har utsett fristen for å avvikle årsmøtet til 15/6.

Vi kjem tilbake til ny dato.

Styrkerom og gymsal stengt!

Kommuneleiinga har stengt gymsalen på Rogne skule. Dei har også pålagt oss å stenge styrkerommet på Solhaug frå no. Dette for å hindre vidare spreiing av coronavirus.

All trening på styrkerommet og all trening i gymsalen er difor avlyst inntil vidare.

Vi oppfordrar dykk i staden til å gå ein tur i frisk luft eller ta dykk ein skitur i dei flotte skiløypene i Valdres! ☃️❄️

Coronasmitte og Rogne il

Pga coronavirusepidemien er svømmebassenget på ØSUS stengt. Rogne il må difor avlyse all bading inntil vidare. Alle treningar ellers går som planlagt?

Hugs å vaske hender før og etter trening! Alle har med eigen drikke. Ingen deler drikkeflaske. Born som er forkjøla eller har feber blir heime?

Situasjonen endrar seg raskt. Det kan difor bli endringar. Det er kommuneoverlegen i Ø Slidre som har ansvaret for smittevernet i vår kommune, og idrettslaget fylgjer hans anbefalingar om aktivitet.

Skileikkurs laurdag⛷

Pga lite snø på Rogne skule blir skileikkurset laurdag flytta til Valdres skisenter, Skrautvål!

Oppmøte der laurdag kl 1130 for begge gruppene. Skileikkurs fyrst, saft og pølse etterpå?❄️????

Historisk dag!

For fyrste gong stiller Rogne il stafettlag i senior NM langrenn ? 1.etappe Harald Øygard? 2.etappe Rune H Grobakken ? 3.etappe Sigurd Øygard ⛷ NM arrangeres på Konnerud. Stafetten starter i dag kl 12 og sendes på NRK 1! Rogne il har start nr 80 – følg med!! ❄️???

Styrkerommet er oppgradert!

Med god hjelp av seniorgruppa samt støtte frå Sparebankstiftelsen Øystre Slidre og SpareBank1 Hallingdal Valdres, har Rogne il pussa opp og fornya styrkerommet på Solhaug! ? Det er lagt nytt golv, måla, installert varmepumpe, montert nytt låsesystem og fornya mykje av treningsutstyret. ? Takk til Sparebankstiftelsen Øystre Slidre for støtta!

Alle medlemmar med nøkkelkort har anledning til å bruke styrkerommet!??