Ny tribune ikveld!

Alle foto: Geir Melbye

I kveld ble det jammen ny tribune på Rogne Idrettsarena! 8 ivrige sjeler fikk jobben gjort med å blekkje, sage, bære, slite, skru og justere. Det ble veldig bra men det er nok en fordel å ha med seg ett sitteunderlag nå helt til å begynne med. Takk for flott innsats!

Nå gjenstår bare en vårpuss/dugnad 18. mai 🙂 Vi gleder oss over all aktivitet som er på anlegget.

ROGNE IDRETTSARENA – gjennomført dugnad :-)

Laurdag 10. april hadde vi dugnad med å hogge timber til nye tribunebenkar.  Vi hadde fått lov å hogge sør for banen, på teigen til Mattisgard.  Dei som var med på dugnaden var Bjørn Kjetil Mork, Linus Gjevre Myrvold, Morten Myrvold, Per Ivar Grobakken med traktor og vinsj, Geir Melbye med traktor og henger.  Etter felling, kvisting, vinsjing og kapping av 5 passe store grantrær, hadde vi 10 stokker på 3,5 m.  Desse vart lasta opp og kjørt nord til Espen Rogne, som ville dele stokkane i to på langs.  Dette gjorde han med hjelp av Kristen Haugen, på dugnad.  Etterpå vart dei delte stokkane kjørt tilbake til arenaen, og lagt opp i la.  Tusen takk for god hjelp til dikka alle:-)

Dugnadsgjengen

Vi skal ha nye dugnader for å blækkji (ha av børken) stokkane, fjerne dei gamle sittebenkane på tribuna, og montere dei nye.  Dag, dato og klokkeslett for desse dugnadane vil bli annonsert på heimesida og Facebook snart.  Så då er vi avhengig av at så mange som muleg kan bidra med hjelp til dette.
Banekomiteen

«Brå-sterk» GITT BORT!

Dette bildet mangler alt-tekst; dets filnavn er Brasterk2-225x300.jpg

DA ER «BRÅ-STERK» GITT BORT!! Vi har skiftet ut vår trofaste «Brå-sterk» med en «Ercolina» stakemaskin på styrkerommet på Solhaug. «Brå-sterk» er demontert og gis bort! Ta kontakt med Nina, tlf: 906-62092 hvis du er interessert. Først til mølla…….

Gjensidige Ildsjelpris 2020

Morten har vore medlem og aktiv i idrettslaget frå han var liten. Han var aktiv fotballspelar i heile oppveksten. Seinare har han vore fotballtrenar og medlem av fotballgruppa. Han har vore i tiltaksgruppa i mange år , og han har vore i styret som nestleiar i 2 år. Morten har vore sentral i alle RIL sine arrangement opp igjennom åra: knøtteturnering, fotballskule, aktivitetsdag, Beitostølen cup, Mellerunda , pilking på Veslevatn for å nemne nokon. I tillegg har Morten vore ein viktig person for å få til kunstgrasbanen , granulatsperre, kiosk og toalett nede på banen, flombelysning , lydanlegg, stativ med sponsorskilt , låsesystem, garderobar og asfaltering rundt Solhaug. No er han leiar i banekomiteen. Morten er alltid positiv og lett å spørje. Han er samvittigheitsfull og arbeidssam, ein særs viktig ildsjel i Rogne IL og ein verdig vinnar av prisen!